Norsk Retrieverklubb

Minneord – Barbro Myrseth Gjerde

Det var mange rundt om i hunde-Noreg som kjende Barbro – ho engasjerte seg i mange områder innan hundesporten.

Barbro hadde lang røynsle og eit stort engasjement for det som rørte seg i hundeverda – både lokalt og sentralt, i Sunnmøre Hundeklubb, Norsk Retrieverklubb og ikkje minst i Norsk Kennel Klub.

Ho var ei drivkraft som skapte aktivitet, entusiasme og læring, og ho forstod kor viktig det var å byggje kunnskap i breidda. Gjennom sitt engasjement fekk ho dyktige instruktørar og dommarar tilreisande til å halde kurs, slik at vi andre i landsdelen kunne utvikle oss og få solid fagleg påfyll.

Barbro var dommar i både agility og lydnad, og etter mange år i dommargjerninga tok ho steget vidare og utdanna seg som eksteriørdommar. Ho var ein godt likt og respektert dommar. I ringen viste ho ekte glede og tok vel imot alle – både dei erfarne og dei som var nye og kanskje litt nervøse. Ein god dommar på kvalpeshow for alle rasar og ikkje minst ein lun og fin person til å dømme barn og hund – det syntes godt at ho likte å sjå dei yngre i ringen!

Bilde av Barbro saman med Dora og Emma teke av Jan Roger Sauge på Jevnaker då dei begge var dommerar..

Barbro sat i styre og komitear, både lokalt og nasjonalt, og ho la ned eit stort og ueigennyttig arbeid for organisasjonen og hundesporten. I 2014 vart ho heidra på NKK Ålesund der ho vart honørdommar. Barbro var aktiv heilt fram til ho vart sjuk og ho gav verkeleg av seg sjølv så lenge ho hadde krefter til det. Etter ho takka av som aktiv var ho heldig som fortsatt hadde hund rundt seg.

Barbro hadde eit lite oppdrett av labrador retriever – Kennel Bare-bra, som starta med Quidora. Ho var faktisk fødd før underteikna, men gjennom dei levande historiene Barbro fortalde, kunne ein lett sjå henne føre seg.

Barbro var mellom andre særs stolt av N UCH N VCH Bare-bra’s Bruno Birkeland, fødd i 1983. Han var den einaste i B-kullet og kom til Ivar Moss jr., som også sette sitt preg på NRK både lokalt og sentralt.

På si første tispe hadde Barbro tre kull – i 1982, 1983 og 1987.

Etterkvart skulle Barbro ha ny hund og Narjana’s Siljah vart fødd i november 1998, og henne kjende vi godt. Silje fekk ganske raskt tilnamnet «Lille My», som etter kvart berre vart til «Lille» – noko som kunne seiast å stå litt i kontrast til sjølve hunden.

Lille fekk eitt kull, og frå dette heldt Barbro att Bare-bra’s Dora i 2004. I dette kullet var det tre tisper som gjekk vidare hjå tre ulike oppdrettarar. Etter Dora heldt Barbro att Bare-bra’s Emma i 2008.

Det siste kullet frå Kennel Bare-bra, F-kullet, kom i 2012. Det lever framleis ei tispe frå dette kullet her på Sunnmøre.

Bilde av Barbro der ho vise gleda i møte med dei unge i ringen. Her dømte ho barn og hund på Nordfjordeid i juni 2014…

Særleg vil vi minnast Barbro for måten ho tok imot nye og yngre som kom nysgjerrige og ville «lukte» på hundesporten. Ho såg dei, tok dei på alvor og delte raust av kunnskap om både aktivitetane med hund og organisasjonen bak. Den evna til å inkludere og løfte fram nye krefter er noko fleire av kan lære av.

For det frivillige arbeidet er heilt avhengig av nettopp dette – at nye får plass, ansvar og inspirasjon til å bli verande.

Barbro var stolt av at NKK`s kursserie Oppdretterskolen hadde sitt utspring i Ålesund. Serien vart til etter at Barbro inviterte Astrid Indrebø og Hilde Bremnes til å halde kurs for nye, og etter kvart også meir erfarne, oppdrettarar.

Sjølv minnest eg Barbro og dei første møta med henne nett gjennom desse kursa på 90-talet – første utgåve – «Hund og Helse mot år 2000». Det var her eg fekk mitt første møte med hundemiljøet, med kva det innebar å ha kull, og kva som ligg i eit seriøst oppdrett.

Barbro fekk med seg alle – eller viste i alle fall at det var rom for å tileigne seg kunnskap. For mi eiga del fekk eg den teoretiske kunnskapen på plass før mi første tispe, og fleire år før mitt første valpekull.

Barbro stod bak ei rekkje kurs på Sunnmøre, mellom anna ringsekretærkurs, kynologikurs – læra om hund, og fleire kursseriar innan avl og oppdrett som Hund og Helse mot år 2000, Genetikk, Avl og Helse.

Kvart einaste kurs Barbro stod i bresjen for har vore ein inspirasjon for folk å ta del i.

Vi sat saman i utstillingskomiteen i fleire år, og Barbro var raus med å inkludere oss andre. Ho delte kunnskap, gav rom for læring og sørgde for at vi fekk den innsikta som trongst. Det vart mange fine turar, gode samtalar og historier som sit att i minnet. Og ikkje minst: mange gode augneblink og artige episodar som framleis får fram smilet.

Vi har dei siste åra hatt Barbro i tankane og minnast ho med blomster, samt med ord om ho til medlemmane i avdelinga – på jubileumsmiddagen vår hausten 2025.

Barbro satte gode spor etter seg, og då spesielt i arbeidet ho la ned i NKK Nordvestlandet.
Vi takkar Barbro for alt ho gav: for tida, kunnskapen, engasjementet og gleda ho spreidde i den flotte hundeverda.
Minnet om ho vil leve vidare i miljøet ho var med på å byggje. 🐾

Vi lyse fred over Barbro Myrseth Gjerde sitt minne 🤍

For NRK avd. Sunnmøre
Anja Roiha Sunde