Norsk Retrieverklubb

Utstillingshelg på Sunnmøre

Utstillingshelg på Sunnmøre..! 

 

Vi utset fristen til 15. juni med ordinær betaling, så då må de berre melde de på – og hugs, begge dagane! 

 

Vi gler oss til denne helga og håpar mange fleire ønskjer å dele ho saman med oss! Vi skal gjere vårt ytste for at det blir ei fin helg for alle, både to- og firbeinte.
Det er ikkje veldig stor påmelding enno, så vi håpar mange fleire set av denne helga. For det skal bli ei flott utstilling på Sunnmøre siste helga i juni! Fantastisk flott at vi har fått to særs gode dommarar frå Sverige til å dømme retrieverane våre 27. og 28. juni 2026.

Vi har vore så heldige å få tak i Joakim Ohlsson og Hans Rosenberg til å dømme. Arrangementet blir på Settegjerde stadion i Sykkylven ved Ålesund – omkransa av vakre Sunnmørsalpar

 

Lørdag 27.juni:         Golden og Labrador: Joakim Ohlsson (S)
Flat, Toller, Chesapeake og Curly: Hans Rosenberg (S)

Søndag 28.juni:        Golden og Labrador: Hans Rosenberg (S)
Flat, Toller, Chesapeake og Curly: Joakim Ohlsson (S)

 

VÅR HOVUDSPONSOR – ROYAL CANIN!!