Norsk Retrieverklubb

Utstillingshelg på Sunnmøre

…i Sykkylven midt mellom høge tindar på ein lun stadion litt oppi høgda.
Andre året på rad har utstillinga vår i samband med NKK Ålesund vorte avlyst grunna Covid-19.
Istaden for å avlyse ville vi også i år prøve å avhalde den som ei dobbelustilling slik det var første helga i september i fjor. Men i år var det ikkje enkelt å finne ledige helger der det passa å arrangere utandørs, men fellesferien er det ikkje mange arrangement så 24. og 25. juli vart det avhald dobbelutstilling på Sunnmøre. Så med knapp tid for planlegging fikk vi tak i to sporty dommarar som på veldig kort varsel tok på seg oppdraget denne helga.

Her viste vêrgudane seg frå si aller beste side der sola laurdag morgon kom smygande inn mellom dei flotte Sunnmørsalpane og med det danna ei fantastisk ramme for ei flott helg. At majestetiske Straumshornet var i bakgrunn for bildetaking vert sjølv for oss Sunnmøringar ganske så fantastisk.

Då utstillinga vart annonsert var det ikkje lange tida folk fikk å omrøme seg på, men trass det fikk vi greit med påmeldingar og ikkje minst ein del langvegsfarande.

Det var utrulig gøy å ha ein BIS-finale på laurdagen der vi hadde alle 6 retriever-rasane representert!!

Vi sit igjen med ei god kjensle etter ei slik helg der både dommarar og deltakarar skrytte av staden og arrangementet. Det gir sjølvsagt energi til oss frivillige som arrangera slikt for at vi alle skal få treffe fine folk frå inn- og utland, og sjølvsagt gjer at vi alle får drive på med det vi likar så godt!!

Vi vil takke alle som brukte av si tid på å få dette gjennomført, til dommarane og ikkje minst utstillarane som tek turen til Sunnmøre slik at det er mogeleg å gjennomføre.
Vi vil også rette ei stor takk til alle vore sponorar for supre premiar til vinnarane!!

No håpar vi at vi snart nærma oss slutten på denne pandemien slik at vi kan få arrangere utstillingar og andre aktivitetar slik vi i utgangspunktet planleggje.
Håpe vi ser de alle og mange andre igjen neste år så med det ønska vi alle hjartleg velkomne til Sunnmøre igjen i 2022!!

CBCE9897-91A7-4F3C-9CA1-70E2E86FBFE2
BEST IN SHOW laurdag vart dømd av Jan Roger Sauge der vi hadde alle retrieverane representert!!
BIS Flat coated retriever – Ryegate`s Walk The Talk, Golden retriever – Golden Tress Dråpe, Nova scotia duck tolling retriever – Redrivals Thunderstruck, Chesapeake bay retriever – Cinnamonscent Tickety-Boo, Labrador retriever – Tomtebolyckans Ain`t Misbehavin, Curl coated retriever – Skjerhaugen`s Train Of Thougts.

B46CE52C-3188-47FD-80EF-10F8FBD87018
Laurdagen`s BIS hund Ryehate`s Walk The Talk…

A280C8D0-151B-446D-A9BB-5BCD8DCEFD5E
BIS Valp søndag var Flat coated retriever – Fab Four`s Follow Ypu Around, Golden retriever – Iaka`s You Wish

96EA08BF-3111-469C-9DC8-34E8FC818993
Søndagens BIS Junior Flat coated retriever – Altaflats More Not Less Success, Nr. 2 Curly coated retriever – Skjerhaugen`s Train Of Thougts.

C0E3A994-98A8-4907-B0AD-A56E950DFBE3
BIS Unghund på søndagen Golden retriever – Golden Tress Dråpe, Nova scotia duck tolling retriever – Redrivals Thunderstruck, Flat coated retriever – Kilewis Dancing In The Moonlight.

143C3644-2188-4067-A6A7-17E6C07E493F
BIS Bruks søndar Flat coated retriever – Calzeat Get The Feeling, Golden retriever – Golden Tress Convallaria.

10DEE872-FB0B-4152-85B8-263F8544B30D
BIS Veteran Flat coated retriever – NUCH Kvasneset`s Himmelens Diamant.

FE219975-5431-4CF2-B8E1-F6B7D74727FA
BIS Oppdretterklasse Flat coated retriever – Kvasneset.

B04F16B8-BB84-4824-B0BF-6103F4063F66
BEST IN SHOW søndag Flat coated retriever – Calzeat Get The Feeling, Golden retriever – Golden Tress Dråpe, Nova scotia duck tolling retriever – Redrivals Thunderstruck, Curly coated retriever – Skjerhaugen`s Train Of Thougts.

7640FD6A-D56C-4E8A-B520-28265BCA98E0
Ei fantastisk ramme for ei triveleg helg..!
To store gode ringar der det var hyggeleg stemning i og rundt ringane. På utstillingsstaden var det supert for lufting av hundar, og ikkje minst fint for overnatting i telt, bobil og campingvogn med toalett tilgjengelig.

9DA8FE72-B7A3-4ABB-AD1D-922854A5B007
Hovudsponsor søndagen – Mera.

7E854C18-FCFF-4928-8293-1EEA919506B8
Siste gjengen med utstillingar klar til å reise frå Sunnmøre etter ei fin helg, dei var veldig fornøgd med helga og arrangementet.
Tusen takk for praten, ros og gode ord!!

127F41B5-F550-45EC-96AC-78F6E2101C7C
Her er frå beste hannhundklasse på flat søndag, og som de ser praktisk med overnatting like ved ringen…